Absalong: Rasekrig og klassekamp i science fiction og fantasy

Dato
-

Mitt favoritttema!!! Min store kjepphest!
ARGH!!!
Sabelmannen, du må pelle den trange rumpen din til Oslo med samme tema!

___________
Now I'm breathing the breath of god,
And the cold wind cleans my mind.

Hvorfor visste jeg ikke det?
Har du et manus jeg kan se på i det minste?
*smisker*
___________
Now I'm breathing the breath of god,
And the cold wind cleans my mind.

Om eg byrjar å dele ut manusa mine,
så er det jo ingen som vil ta seg bryderiet å høyre på meg når eg bablar.

Og kvifor du ikkje høyrde om det? Du er ikkje så ultranerd at du følgjer med på kva som skjer på Shadowcon? ;-)

Cons er litt for stigmatiserende for meg altså.
Da får jeg heller bare ignorere deg og late som du ikke eksisterer da. *furter*
___________
Now I'm breathing the breath of god,
And the cold wind cleans my mind.

Stigma? Smegma seier eg!

Kva du trur det er for meg? Eg må snakke til eit conpublikum ;-)

Neida, nerder er så søte så. Og kven veit? Kanskje eg berre gjer det om til ein artikkel eller to, eller evt tar turen til Oslo att ein gong.

Med store falske vulcanører hører de sikkert ekstra godt etter ihvertfall. :D

Oh smeg!
___________
Now I'm breathing the breath of god,
And the cold wind cleans my mind.

Skal eg sjølvsagt gjere.
Eg rekner meg sjølv og Absalong heldige som har han som venn. Det var óg han som haldt den herlege innleiinga til Lovecraftfilmkvelden vår no i august. Og laga Varulvplakaten vår i februar.

Vi reknar med han har ein fin vampyr på lagar til oss i november óg ;-)

description:

I fantasiens skuggedal

Rasekrig og klassekamp i science fiction og fantasy

Stad: Regncon XV - Rothaugen Skole

Tid: Laurdag 29. september, klokka 1730.

CC: NOK 30

Science fiction og fantasy-litteratur selgjer som aldri før, og den eine

storfilmen etter den andre basert på klassiske verk innanfor dei

fantastiske og spekulative sjangrane dominerar kinolerretet i disse dagar.

Det er allikevel ikkje mange som stiller spørsmål ved dei politiske

prosjekta som desse mange klassikarane gjerne er eit uttrykk for, sidan

dei fleste oppfattar det berre som harmlaus verklighetsflukt. Allikevel er

fleire av dei mest kjendte og kjære verka innanfor science fiction og

fantasy politiske plattformar for forfattarar på ytterste venstre og høgre

fløy, og desse forfattarane har gjerne idear og forestillingar som vil

overraske deira lesarar.

Absalong sin eigen Kristian A. Bjørkelo vil ta publikum med på ei reise

inn i denne verda, og trekkje fram nokre av dei mest kjendte og ekstreme

av disse forfattarane og deira verk. Med sleivspark til venstre, høgre og

dei i midten vil han ta publikum frå dei tidlege fantasy-forfattarane, før

Tolkien løfta pennen, til dei allar siste science fiction-storfilmane, og

vise samanhenger og motsetningsforhold med hovudvekt på nokre av dei mest

absurde og skumle resultata det har hatt. Stikkord er rasisme, fri

kjærleik, kvinnehat, anarki og klassekamp. Og det er godt mogleg det er

din favorittforfattar som viser seg å ha skjulte sider.

Forutan å vere ein av hovudpersonane bak Absalong, er Kristian A. Bjørkelo

rollespelforfattar og frilansskribent, og skriv flittig om politikk,

science fiction, skrekk og fantasy. Bjørkelo er utdanna folklorist, og har

jobba i mange år med ulike former for populærkultur, og han har skreve

hovudoppgåve om vårt forhald til nynazisme. Han har óg fleire år bak seg

som aktiv i radikal politikk, og forkjempar for tankefridom.

Dette foredraget kjem i samarbeid med spelforeininga Regncon og

spelfestivalen Regncon XV, som ein av dei viktigste samlingsarenaene for

spelentusiastar og lesarar av fantasy og science fiction. Difor fallar

dette arrangementet til ein laurdags ettermiddag, og det vil ikkje vere

alkoholservering eller aldersgrense på arrangementet. Foredraget er gratis

for alle som viser gyldig deltakarbevis for spelfestivalen, og koster

berre kroner 30 for dei som berre ønskjer å få med seg foredraget.

Festivalen finn stad på Rothaugen skule 28. - 30. september, og Absalong

opner dørene til sitt foredragslokal klokka 1730.

For meir informasjon og opplysingar om korleis finne fram, gå til våre

heimesider på absalong.no og til spelforeningas eigne sider regncon.no,

der det er mogleg å melde seg på årets happening for spelentusiastar på

vestlandet.

Vel møtt!

Nyttige lenker:

Absalong (www.absalong.no)

Regncon (www.regncon.no)


Stad:
Rothaugen skole