Vaskemaskin
Kva er det med den fordømte vaskemaskina mi eigentleg? Den gjer jo konstant opprør, skulle tru det var den tredje verda eller noko. No har den slutta å sentrifugere, slutta å pumpe ut vatn faktisk. Så då eg kom ned igår, var vasken veldig våt. Først måtte eg opne pumpa og tømme den for vatn for i det heile tatt få opp den fordømte døra. Vasken var gjennomvåt, og det er den framleis, låg heile natta og høyrde på drypp-drypp-drypp frå tørkestativet. Herrejemini. Skulle sikkert ha kjøpt ny, eller bytta den, men no har eg 100 kroner på konto, og det er det eg har å leve av inntil penger byrjar å dale ned frå himmelen. Virker ikkje som om det vil kome på noko anna vis iallefall.
