Bra støy
Tek sjølvkritikk, og satsar på å fortsette diskusjonen her.
Kva er eigentleg bra støy? Tips om nye band og gamle band er meir enn velkomne.
Har ikkje så mykje, rett og slett på grunn av at det ikkje er det eg høyrer mest på, og innrøm det: Det er mykje jobb å slepe seg gjennom dårleg støy for å finne dei gode folka.
Men eg har då nokre ting eg vil rekne som støy.
Brighter Death Now for eksempel, som er overraskande musikalsk.
Har også ein del breakcore-12tommarar som vel i hovudsak er amens dynka i lydar som dekker dei fleste frekvensane, men er det ikkje "reint" nok til å bli rekna under "sjangeren" støy?
